Nyhende

Han er Hellesylt sin eigen Reodor Felgen

Etter fleire år i Paris og San Francisco har Lars Karbø flytta heim til Hellesylt. No prøver han å byggje opp produktdesign-studioet Karbo Labs frå kjellaren på familiegarden.

Lars Karbø har mange spennande prosjekt føre seg i kjellaren heime på garden.
Lars Karbø har mange spennande prosjekt føre seg i kjellaren heime på garden. Foto: Rita Løseth

Etter fleire år i Paris og San Francisco har Lars Karbø flytta heim til Hellesylt. No prøver han å byggje opp produktdesign-studioet Karbo Labs frå kjellaren på familiegarden. Med smørvarmar, 3D-printa alarm for drillbits og nye prototypar på arbeidsbenken, er det ikkje rart Reodor Felgen-referansen dukkar opp.

– Jau, eg er vel kanskje Hellesylt sin eigen Reodor Felgen, ler Karbø.

29-åringen voks opp på garden Karbø. Ved nyttår flytta han heim att etter fleire år i utlandet. Først budde han tre år i Paris, deretter ein periode i San Francisco. I desse åra jobba han mykje med utvikling i oppstartsbedrifter, det han sjølv omtalar som «startups».

Lars saman med gardshunden x heime på trappa på Karbø.
Lars saman med gardshunden x heime på trappa på Karbø. 

Har bytt retning

Bakgrunnen hans er ei blanding av elektronikk og datateknologi. Han har studert elektronikk ved NTNU, men har også lært mykje sjølv gjennom å byggje nettsider, appar og jobbe med programvare for ulike selskap.

No har han bytt retning.

– Eg begynte å jobbe med litt nye ting, med fysiske ting, med hardware, i staden for berre å sitje og kode og lage software, seier han.

I kjellaren på garden har han verkstad. Der held han på å starte Karbo Labs, eit produktdesign-studio som i hovudsak handlar om mekanisk design, elektronikk og robotikk.

Kjellaren blir nytta som verkstad.
Kjellaren blir nytta som verkstad. Foto: Rita Løseth
Denne bits-haldaren til drillutstyr har Lars kopla alarm til, så dersom nokon skulle finne på å «låne» ein bits, stoppar den ikkje før delen er tilbake i haldaren igjen.
Denne bits-haldaren til drillutstyr har Lars kopla alarm til, så dersom nokon skulle finne på å «låne» ein bits, stoppar den ikkje før delen er tilbake i haldaren igjen. Foto: Rita Løseth

Går viralt

Sjølv om han framleis er heilt i startgropa, har han allereie fått mykje merksemd. Nokre av oppfinningane hans har fått over 30 millionar visningar på Instagram.

Ein av dei handlar om eit problem mange kanskje kjenner seg att i – verktøy som forsvinn.

– Eg har brør og ein far som ofte går ned og «låner» verktøya mine. Så eg har hatt eit stort problem med det, seier Karbø.

Løysinga vart ein 3D-printa haldar til bits til drillen. Bitsane sit fast i haldaren, men om nokon tek ein med seg ut døra, går alarmen.

Videoen trefte tydelegvis ei nerve.

– Veldig mange kjende seg nok att, og delte videoen vidare til brør, fedrar eller andre som «låner» verktøy. Den tok heilt av, seier han.

Lars er litt inspirert av Ikea, når det gjeld namn på apparatet sitt, då han meiner Ikea er kjent for å bruke særsvenske namn, sjølv på internasjonale produkt.
Lars er litt inspirert av Ikea, når det gjeld namn på apparatet sitt, då han meiner Ikea er kjent for å bruke særsvenske namn, sjølv på internasjonale produkt. Foto: Rita Løseth

Ei anna oppfinning er ein smørvarmar. Karbø hentar fram ei pakke meierismør frå kjøleskapet, set den på bordet og plasserer apparatet over smøret. Når han trykkjer på startknappen, senkar glødetrådane seg ned mot smørpakken, og det byrjar å frese og ryke lett. Målet er enkelt, å få hardt kjøleskapssmør passeleg mjukt.

– Strategien min er å finne dei viktigaste problema folk har og løyse dei, seier han med eit smil.

Han har også ein prototype på ein «matsugar», som skal suge opp oppkutta mat frå skjerefjøla og flytte det over i ein bolle. Den er framleis under arbeid.

– Det har vore veldig vanskeleg å få til. Eg kopla ein modifisert løvblåsar og ein støvsugar saman for å prøve å få maten opp i bollen. Verda har ikkje sett denne enda, så det blir mitt neste filmprosjekt, seier han.

Lars demonstrerer korleis han har kopla saman ein løvblåsar og ein støvsugar til å bli ein rå matsugar, som skal lette arbeidet på kjøkkenet.
Lars demonstrerer korleis han har kopla saman ein løvblåsar og ein støvsugar til å bli ein rå matsugar, som skal lette arbeidet på kjøkkenet. Foto: Rita Løseth

Tenkjer og stort

Sjølv om mykje av det han lagar er leikent og humoristisk, har han fleire tankar om større og meir seriøse prosjekt, kanskje i samarbeid med andre i regionen. Karbø meiner at små team og enkeltpersonar framover kan få større kraft til å lage fysiske produkt enn før.

Han peikar på kor mykje kunstig intelligens allereie har endra programvarebransjen. Der ein før trong eit heilt team for å lage ei nettside eller ein app, kan mykje i dag gjerast langt raskare. Han trur noko liknande kan skje med fysiske produkt.

– Eg trur det kjem til å bli lettare og lettare å realisere idear ute i den fysiske verda, seier Karbø.

Difor meiner han at det ikkje nødvendigvis er dei store konserna som alltid vil lage dei beste produkta i framtida.

– Det handlar meir om kor rask du kan vere, kor liten du kan vere, og kor kreativ du kan vere, seier han.

Lars i kjellarverkstaden.
Lars i kjellarverkstaden. Foto: Rita Løseth

Spennande ting skjer her

At han no sit på Hellesylt og jobbar med ideane sine, ser han ikkje som noko hinder. Tvert imot meiner han at det kan vere ein styrke.

– Vi har tilgang til så sjukt mykje informasjon. Og sjølv om du bur på Hellesylt, kan du få komponentar sende frå kvar som helst i verda. Ein ting som er viktig, er fokus. Og det er lettare å finne her enn midt i ein by, seier han.

Han har også fått auga opp for det som skjer i regionen. Etter å ha vore på teknologifestival i Sykkylven, seier han at han ser meir av miljøet og kompetansen som finst lokalt.

– Eg har innsett at vi har ein del kule ting som skjer her også. Vi er sjukt mange flinke folk i området, seier han.

Steinplukking i åkeren er noko Lars vil skape maskinell hjelp til.
Steinplukking i åkeren er noko Lars vil skape maskinell hjelp til. Foto: Rita Løseth
3D-printa haldarar og ladeløysing til NoFence-batteri, er noko av det Lars har produsert.
3D-printa haldarar og ladeløysing til NoFence-batteri, er noko av det Lars har produsert. Foto: Rita Løseth

Idéane kjem frå det nære

Fleire av ideane hans kjem frå det nære. Han voks opp på gard, og hugsar mellom anna steinplukking i åkeren frå barndommen. Slike oppgåver får han til å tenkje på maskiner som kunne gjort jobben. Å lage sin eigne katapult vart også prøvd ut, utan hell.

Han har også laga 3D-printa haldarar og ei eiga ladeløysing til NoFence-batteri, for å gjere det enklare for faren å halde orden i batteria i fjøsen.

– Eg føler ein ofte må løyse sine eigne problem, eller det ein ser rundt seg, seier han.

Lars seier han er sikker på at han valde rett med å flytte heim.
Lars seier han er sikker på at han valde rett med å flytte heim. Foto: Rita Løseth

Trygg i valet

Planen vidare er ikkje spikra. Han vil byggje noko større, gjerne saman med eit lite team, men seier sjølv at han ikkje er ferdig tenkt.

– Eg driv på med å finne ut korleis eg kan kome meg dit. Eg prøver også å bli meir kjend med nærmiljøet, og ser på om eg kan jobbe litt med andre bedrifter og bidra med det eg kan, seier han.

Samtidig verkar han trygg på at heimflyttinga er rett akkurat no.

– Eg synest eigentleg det er veldig deilig å kome heim. Du har mange impulsar i byar, men også veldig mange distraksjonar. Viss du kan fokusere meir på færre ting, får du ofte dei ferdige tinga til å blomstre, seier Karbø.

Og dei små, rare oppfinningane kjem han ikkje til å slutte med.

– Eg har nokre små Felgen-prosjekt gåande, og dei kjem aldri til å stoppe, sjølv om eg blir involvert i noko større og meir seriøst, avsluttar han.

Livet på garden gir ro – og fokus, meiner Lars.
Livet på garden gir ro – og fokus, meiner Lars. Foto: Rita Løseth